|
Velkommen til heimesida til

Kleivakongen & The Underdogs feira i august sitt store 5-årsjubileum. Eit slikt rundt tal kunne ikkje ruslast forbi, så bandet gav etter for folkekravet om jubileumsfest. Denne gjekk føre seg på Smia Pub, der bandet sytte for stor stemning og høg dansefaktor.
Sidan Ausekarane stod på plakaten på Dale dagen derpå, var både Ausedansen og ein funky versjon av Dar kjem dampen framført med stor entusiasme.
Takk alle som bidrog til ein festleg kveld og ei verdig feiring.
Berre 45 år igjen til 50-årsjubileet no!

Kleivakongen & The Underdogs har blitt foreviga av den kjende kunstnaren Kolbjørn Tvedt. Etter mange og lange timar med modellsitting i Kolbjørn sitt atelier, er det med undring me registrerer at sluttresultatet vart med kle, men, men...
Bandet sender varme tankar til kunstnaren på Tysnes, og håpar me ein vakker dag kan gjera opp for oss med eit musikalsk bidrag i sjøkanten på kråkeøya.
Kommenter gjerne målarkunsten i gjesteboka.


Kleivakongen & The Underdogs saman oppvarmingsartistane under Vintertreffet på Vaksdal februar 2010.
|