|

The Kleivakongen Story!

Den usminka historien om Kleivakongen & The Underdogs er ei beretning om ei vinglete ferd på den musikalske motorvegen. Det er historien om å starta på null med eit nesten utenkjeleg mål om å spela for levande folk blinkande langt borte i skoddeheimen.
Kleivakongen & The Underdogs si musikalske ferd starta på nyåret i 2006. Fire godt vaksne karar fekk det då for seg at tida var inne for å realisera gutedraumen om å spela i band. På Vaksdal skule var det ledig øvingsrom, og karane starta med tomme hender og eit brennande ønske om å få fram lyd som i eit rockeband. Det skulle gå ei lang stund før ønsket vart oppfylt.
Først måtte ein bestemma seg for kven som skulle prøva å spela dei ulike instrumenta. Lorents tok her på seg den krevjande oppgåva med å vera vokalist. Samtidig skulle han læra seg å spela bass. Bass/vokal er ein kombinasjon som ikkje er heilt vanleg, og det er ein grunn til det: Det er ikkje lett! Men med krum hals og pågangsmot ein polsk jordbærplukkar verdig, fekk Lorents stadig betre drag på det. Kjell Atle fekk realisert trommedraumane sine, Johnny var sjølvskriven sologitarist medan Esben iførte seg rytmegitar, trykte litt på tastane på keybordet og blåste og saug i eit munnspel han hadde liggjande.
På bilturane til øvingslokalet på Vaksdal søndagskveldane var mange og varierte tema oppe til drøfting. Det vart også kasta fram ei rekkje fantasifulle og kreative teoriar om korleis ein skulle gå fram for å få dreis på spelinga. Ein kveld medan Kjell Atle sin bandbil passerte Fossmark, vart det frå baksetet kasta fram at alle band, uansett ferdighetsnivå, hadde eit namn. Allerede før Skreien var passert, var eit hastig og kanskje ikkje så gjennomtenkt vedtak gjort: Bandet skulle heita Kleivakongen & The Chickmagnets.
Ryktene om at eit nytt band var danna begynte å gå. Ein konsekvens av dette var at det kom førespurnader om spelejobbar. Desse vart, fornuftig nok, høfleg avvist og ledd vekk av bandmedlemmene. Det ville då kun vore spesielt interesserte som kunne ha hygga seg i festleg lag til Kleivakongen & The Chickmagnet sine krumspring med instrumentene.
Men i juni 2006 vart fornuften skubba tilsides for ungdommeleg overmot. Det var riktig nok eit både lita og slutta lag då Kleivakongen & The Chickmagnets gjorde sin debutkonsert ”unplugged” på Stanghelle. Responsen var god, takksigelsane verka ekte og Kleivakongen & The Chickmagnet var på veg ut til folket. Det skulle likevel gå eit halvt år før neste stunt.
I romjula 2006 inviterte bandet til ”Musikalsk romjuls-quiz” i Løo på Dalegarden, som då hadde teke over som øvingslokale. Eit nøye utplukka publikum beståande av godhjarta slekt og venner overvar det som må seiast å vera den eigentlege debutkonserten. Det var mange stive smil og flakkande blikk å sjå, men etterkvart som kvelden skrei fram steig stemningen - med god hjelp frå dei av publikum som hadde fri frå jobb dagen etter og hadde vore forutsjåande nok til å ta med niste.
Trass i at seansen i Løo hadde avdekka at bandet hadde eit stort forbetringspotensiale på alle område, vart det bestemt at Kleivakongen & The Chickmagnets skulle spela på nyskapingen ”Bygdapub i kjellaren på Stanghelle” i mars 2007. Ein føresetnad frå bandmedlemmene si side var at det ikkje skulle kunngjerast kven som skulle spela, og at jobben var ubetalt. Iherdig øving i forkant gjorde at dette var ein nokså vellukka happening med mykje folk og god stemning. Folk dansa, lo, skrytte og smigra slik at bandmedlemmene fekk fornya tru på prosjektet: ”Rockestjerner før 50”.
Meir øving følgde, og repertoaret auka vesentleg. Det kom så ein førespurnad om spelejobb i eit bursdagslag på Stanghelle i juni. Bandmedlemmene bestemte seg for å ta utfordringa, og det viste seg å gå bra. Ein hadde då også med to gjestesolistar, Mia og Arnt Olav, som hausta velfortent fagnad frå publikum. Tilbakemeldingane var gode, stemningen høg og Kleivakongen & The Chickmagnets gjekk frå scena medan eit taktfast publikum ville ha meir! Den kvelden opna det seg også mogelegheiter for nye spelejobbar.
Etter ein velfortent sommarferie kom det nye oppdrag utover hausten 2007, og då ein forstod at dette kunne verta meir enn speling for venner og kjende, vart det bestemt at bandnamnet skulle endrast frå det noko pubertale og "leike-engelske" Kleivakongen & Chickmagnets til Kleivakongen & The Underdogs.
Den verkelege elddåpen var kanskje då Kleivkongen & The Underdogs i februar 2008 stod på plakaten på sjølvaste Puben på Dale. Mykje folk og god stemning gjorde dette til ei hyggjeleg oppleving. På Daledagane i juni var bandet igjen i støtet. I regi av AO-Bandet vart det mykje moro i teltet, og også nokre minneverdige fellesnummer med AO-gjengen.
Eit nytt høgdepunkt kom den første helga i august. Då underheldt bandet fotballtrøytte bein under "banketten" på Vertshuscupen. I varmen i Dalehallen var dette ein fysisk anstrengelse fullt på høgden med det dei fleste hadde føreteke seg på fotballbana tidlegare den helga.
Utover hausten var Kleivakongen og gutane stadig i sving med instrumenta. Det heile toppa seg på Vaksdal i slutten av oktober. Då hadde Vaksdal Underhaldningslag hyrt inn sjølvaste Jan Eggum for å vera oppvarmingsartist for bandet. Eggum gjorde ein fantastisk jobb, noko bandmedlemmene var store nok til å gje han honnør for bak scena. For då Kleivakongen overtok det gjennomvarme publikummet i Samfunnssalen, vart det eit heidundrande rabalder inn i dei små timar.
Sidan har det gått slag i slag.

|